Kjære medlemmar i Tuppeskogen Vel og eventuelt nye medlemmar

Det har vore stille frå oss ei stund no. Koronakrisa sette ein stoppar for aktivitetar.

Me hadde ei planleggingsmøte tidlegare i haust. Då kom me fram til at basaren må gå ut. Me tør ikkje ta sjansen på det med tanke på kor tett det har vore med folk der. Vi ser tida an, kanskje ein minibasar til våren?

Vi håpar Aktivitetsdagen før jul kan gå som før. Det skal de få endeleg beskjed om i månadsskifte okt/nov. Det blir i tilfelle sundag 22.november. Tenk så fint det hadde vore å få til eit arrangement dette året!

Årsmøte blir det i alle fall. Vi har sett dato til onsdag 10.februar.

Håpar de alle vil vera med å betale kontingenten. Det er endå viktigare no, fordi vi mistar basarinntekter. Og dei faste utgiftene er der, uansett korona eller ikkje.

Vi legg dette skrivet i alle postkasser, så håpar vi du tek vel i mot det. Både ved å betale kontingent som tidlegare eller som ny medlem.

Vi ynskjer alle ein fin haust! Og håpar det snart blir normale tider!

Helsing oss i styret: Tore, Embrik, Gunn Birgit og Anne

Medlemskontingent Tuppeskogen vel 2020

□ Støttemedlem: kr 100

□ Enkeltmedlem: kr 100

□ Heile familien: kr 200

Tuppeskogen vel

v/ Anne Åsarmoen

Tuppeskogvegen 140

3550 Gol

2351.76.42983