Årsmøte 2022

ÅRSMØTE Tuppeskogen Vel – ONSDAG 23.2.2022 KL. 19.30

SAKER: 

  1. Årsmelding
  2. Rekneskap
  3. Revidering av vedtekter og registrering i Brønnøysund.
  4. Innspel til aktivitetsplan for 2022, nye ynskjer for opplevingar?
  5. Plan for huset i framtida, dialog med kommunen.
  6. Eventuelle innkomne saker.
  7. Val. Gunn Birgit Magnussen går ut av styret og me treng eit nytt styremedlem.

Det blir servert kaffi og kake. 

  

Dei som ikkje lengre ønskjer å vere med i styret eller nemnder, må gje beskjed til nokon i styret innan 16.2, same frist er saker til årsmøtet.  

  

Det er også mogleg å melde i frå om du kan tenke deg eit verv, eller på anna måte ønskjer å hjelpe til. Det er mellom anna ledige verv som styremedlem og leiar.   

 

Helsing styret i Tuppeskogen Vel 

 

Anne Åsarmoen Tlf. 99361829

Gunn B. Magnussen Tlf. 95936467

Tore Smedstad Tlf. 9112184

Embrik Rudningen Tlf. 97575925

Om sak 3:

No har det kome krav frå banken om at me må ha organisasjonsnummer. Det er òg gunstig for mange andre formål. For å få det må ein sende årsmøteprotokoll, vedtekter og eit skjema til Brønnøysundregisteret. Styret foreslår at årsmøtet gjev styret mandat til å skaffe organisasjonsnummer, og foretek nødvendige justeringar av vedtektene på årsmøtet.

Etter å ha leita i gamle protokollar finn me dei fyrste vedtektene som vart vedteke 6. november 1981. Me finn i farten ingen direkte revideringar gjort seinare enn 1988, men det gjort mange årsmøtevedtak som har forandra praksis om til dømes korleis styret skal vera sett saman.

Slik er dei eksisteranda vedtektene:

§1

Tuppeskogen Vel er eit upolitisk lag som vil fremje interessene til kretsen, og arbeide for nyttige formål. Ellers vil laget arbeide for å samle midlar til ymse formål innan kretsen.

§2

Alle over 18 år kan vera medlemmer mot å betala årskontigent. Dei har då stemmerett. Årskontigenten vert bestemt på årsmøtet etter forslag frå styret.

§3

Årsmøtet vel styre som er samansett slik: Formann og sekretær, kasserar + 1 styremedlem. (Opprinneleg skulle det vera minst ein over 60 år og ein under 18 år. Vart endra til 6 medlemmar utan alder i 88, og praksis i det siste har vore fem eller fire medlemar. Det skulle opprinnleg veljast for to år og minst eit medlem skulle byttast ut kvart år. )

§4

(Handla i opprinneleg versjon om at årsmøtet skal velje revisorar og ulike nemnder. I årsmøtevedtak seinare har ein gått bort frå ei mengde nemnder utanom husnemnd, basarnemnd, ein revisor og tilkalling til kjøkkennemnd.)

§5

Alle gyldige vedtak skal avgjerast med minst 2/3 fleirtal. Det skal førast protokoll over alle møter i laget. Rekneskap skal leggjast fram på årsmøtet.

§6

Tuppeskogen vel kan avviklast når minst 2/3 av medlemmane krev det. Eventuelle midlar skal då brukast til almennyttige formål i kretsen, og vedtak om dette krev minst 2/3 fleirtal.

Sak 1: Forslag til årsmelding

Årsmelding 2021 

Me har vore inne i eit spesielt år, som også vil prege deler av 2022. Koronaen har vore med oss dette året, og hinda dei fleste arrangementa. På hausten drøfta styret i lag med basarnemnd å arrangere basar, men det vart ikkje noko av. Men vi fikk gjennomført juleverksted, for store og små. 

 Styret:  

Tore Smedstad Styremedlem  

Anne Åsarmoen Kasserar  

Embrik Rudningen Styremedlem og utleigeansvarleg  

Gunn B. Magnussen Styremedlem 

Nemnder:  

Basarnemnd: Gro Anita Ødelien og Jorun Knaldre  

Husnemnd: Detlef Kita og Embrik Rudningen  

Tilkalling til kjøkkennemnd: Synnøve Sortebråten og Arnhild Dokken 

Valnemnd: Styret 

Revisor: Marit Øynebråten 

Årsmøte og styremøter  

Årsmøtet var onsdag 10.2.2021  

Det er halde eitt styremøte. 

Svært få har betalt medlemskap i 2021, noko som truleg skuldast at det ikkje vart delt ut giroar.

Utleige  

Huset har vore leigd ut åtte gonger til ulike tilstellingar, ein nedgang frå tidlegare nivå som har vore på 10-15. Austenden av huset blir stadig leigd ut til bustad. Alle åtte lagerlokala i andre etasje er òg leigde ut.  

Regnskap og økonomi  

I 2021 gjekk regnskapet med over 20.000 kroner i underskot. 

Bruk av fortballbanen  

Det har ikkje vore nokon fotballtrening i 2021.  

Rapport stiger 2021 frå Ivar Haugstad.
De fleste stiger ble inspisert. Det ble ryddet ca. 6 km med ryddesag, og det innebærer at stort sett alle stiger på Skaraåsen nå er blitt ryddet med ryddesag. Det blåste ned en del trær i høst, og disse ble fjernet med motorsag.