Aktivitetskveld

Tuppeskogen Vel inviterer til

 

AKTIVITETSKVELD

 

på grendahuset sundag 27. november 2011

frå kl 15:00 til 18:00

 

Denne dagen kan de gløyme å lage middagen heime. Fyrst vil me

nemleg få servert ekte nissegraut med saft attåt.

 

Elles vert det ulike aktivitetar for barna på grendahuset; juleverkstad, baking av boller, vaffelsteiking og snikring. Dei som vil prøve seg med snikring må ta med hamar.

 

Ta gjerne med vener.

Er me heldige, kan det hende nissen stikk innom ein tur.

Hjarteleg velkomne til ein triveleg ettermiddag på grendahuset!