Årsmøte 2014

ÅRSMØTE  –  ONSDAG 05.02.2014 KL. 19.30 TUPPESKOGEN GRENDAHUS
SAKER:
1. Årsmelding
2. Reknskap
3. Orientering frå styret om det me veit om framtida til grendahuset
4.  Innkomne saker (styret må veta desse innan 1. februar)
5.  Eventuelt
6.  Val
7.  Tuppeskogen Klapp
Det vert servert kaffi og blautkake

I statuttane for Tuppeskogen Klapp heiter det:
Tuppeskogen Klapp skal vere ei oppmuntring til ungdom under 25 år som har utmerka seg innan idrett, kultur eller i humanitært arbeid. Det kan også vere aktuelt å tildele Tuppeskogen Klapp til personar over 25 år, dersom det er særlege grunnar for det.
Kr 15oo,- kan kvart år bli brukt til slikt føremål.
Kandidatane skal kome frå Tuppeskogen Vel sine medlemmar.
Alle medlemmane frå Tuppeskogen Vel kan kome med forslag på kandidatar.
Styret i grendalaget avgjer kven som kvart år får utmerkinga. Offentleggjeringa skjer i samband med årsmøtet. Dersom styret ikkje finn kandidatane kvalifisert, blir pengane heller ikkje utbetalt.

Forslag til Tuppeskogen Klapp eller saker som skal opp på årsmøtet må meldast til Ivar R. Haugstad innan 1. februar.

Dei som ikkje lengre ønskjer å vere med i styret eller nemnder må gje beskjed til  Ivar R. Haugstad innan 1. februar. Det er sjølvsagt også mogleg for nye å melde frå om ein ønskjer å gjera ein innsats.

Me minner om solfesten på grendahuset for Rotneim og Tuppeskogen 15. februar. For meir informasjon og påmelding ta kontakt med Ivar R. Haugstad. Påmeldingsfristen er 1. februar.

Me ønskjer å samle inn bileter frå aktivitetar opp gjennom åra i velforeininga, slik at desse kan gjerast tilgjengeleg for medlemane. Ta kontakt med Embrik Rudningen, e-post: embrik@rudningen.no, mob.: 97575925

For styret i Tuppeskogen Vel
Ivar R. Haugstad
e-post: Ivar.haugstad@domstol.no, mob.: 95977754