Årsmøte 2016

ÅRSMØTE – ONSDAG 03.02.2016 KL. 19.30 TUPPESKOGEN GRENDAHUS

SAKER:

  1. Årsmelding (foreløpig melding vedlagt)
  2. Regnskap
  3. Innspel til aktivitetsplan for 2016 – planen kan bli redusert i høve til tidlegare år. Drøfting om det skal etablerast i facebook-side, der invitasjonar blir lagt ut
  4. Innkomne saker
  5. Val
  6. Tuppeskogen Klapp

Det blir servert kaffi og blautkake.

I statuttane for Tuppeskogen Klapp heiter det:

  • Tuppeskogen Klapp skal vere ei oppmuntring til ungdom under 25 år som har utmerka seg innan idrett, kultur eller i humanitært arbeid. Det kan også vere aktuelt å tildele Tuppeskogen Klapp til personar over 25 år, dersom det er særlege grunnar for det.
  • Kr 1500,- kan kvart år bli brukt til slikt føremål.
  • Kandidatane skal kome frå Tuppeskogen Vel sine medlemmar.
  • Alle medlemmane frå Tuppeskogen Vel kan kome med forslag på kandidatar.
  • Styret i grendelaget avgjer kven som kvart år får utmerkinga. Offentleggjeringa skjer i samband med årsmøtet. Dersom styret ikkje finn kandidatane kvalifisert, blir pengane heller ikkje utbetalt.

Forslag til Tuppeskogen Klapp eller saker som skal opp på årsmøtet må meldast til Ivar R. Haugstad innan 27. januar.

Dei som ikkje lengre ønskjer å vere med i styret eller nemnder, må gje beskjed til Ivar R. Haugstad innan 27. januar. Det er òg mogleg å melde i frå om du kan tenke deg eit verv, eller på anna måte ønskjer å hjelpe til.

For styret i Tuppeskogen Vel

Ivar R. Haugstad

e-post: Ivar.haugstad@domstol.no, mob.: 95977754