Årsmøte 2017

ÅRSMØTE – ONSDAG 08.02.2017 KL. 19.30 TUPPESKOGEN GRENDAHUS
SAKER:
1. Årsmelding
2. Regnskap
3. Innspel til aktivitetsplan for 2017
4. Evaluering av bruk av facebook-sida
5. Orienteringssaker frå styret
6. Innkomne saker
7. Val
8. Tuppeskogen Klapp
Det blir servert kaffi og blautkake.
I statuttane for Tuppeskogen Klapp heiter det:
 Tuppeskogen Klapp skal vere ei oppmuntring til ungdom under 25 år som har utmerka seg
innan idrett, kultur eller i humanitært arbeid. Det kan også vere aktuelt å tildele
Tuppeskogen Klapp til personar over 25 år, dersom det er særlege grunnar for det.
 Kr 1500,- kan kvart år bli brukt til slikt føremål.
 Kandidatane skal kome frå Tuppeskogen Vel sine medlemmar.
 Alle medlemmane frå Tuppeskogen Vel kan kome med forslag på kandidatar.
 Styret i grendelaget avgjer kven som kvart år får utmerkinga. Offentleggjeringa skjer i
samband med årsmøtet. Dersom styret ikkje finn kandidatane kvalifisert, blir pengane heller
ikkje utbetalt.
Forslag til Tuppeskogen Klapp eller saker som skal opp på årsmøtet må meldast til Ivar R.
Haugstad innan 25. januar.
Dei som ikkje lengre ønskjer å vere med i styret eller nemnder, må gje beskjed til Ivar R.
Haugstad innan 25. januar. Det er òg mogleg å melde i frå om du kan tenke deg eit verv,
eller på anna måte ønskjer å hjelpe til.
For styret i Tuppeskogen Vel
Ivar R. Haugstad
e-post: ivar.haugstad@domstol.no, mob.: 95977754