Blir laga

No er me i ferd med å lage ei nettside for Tuppeskogen Vel her.

På sikt skal du her finne mykje meir informasjon om kva velet driv med. Informasjon om ulike festar og arrangement som frå før blir distribuert i postkassene og på oppslag skal samlast her.

Dessutan skal sida sjå både tøffare og finare ut etterkvart som me skjønar oss på alt.

På oppstartsdagen for denne sida er det derimot ingen ambisjonar om å lage ei side som blir oppdatert særleg oftare enn informasjonen uansett blir sendt ut med vanleg post.

Me kan likevel røpe at neste arrangement i regi av Tuppeskogen Vel etter alt å dømme blir eit skirenn. Det blir òg vårfest snart.