Hei alle Tuppeskogingar og gode naboar


Det er ei stund sidan de har hørt frå oss no. Usikkerheit omkring smittesituasjon har gjort at vi har avlyst det meste dette året, også basaren.

No prøver vi oss på ein førjulsaktivitet og håpar mange vil vera med på det! Sjå invitasjon på andre sida. Det blir det einaste treffet dette året.

Årsmøtet blir onsdag 9. februar. Det kjem eiga innkalling, men set gjerne av datoen.

Om det skulle vera slik at du ikkje har betalt kontingenten er vi takksame om du gjer det! Det gjeld både om du har vore medlem før eller ynskjer å bli.

Knr. er 2351 76 42983. Kontingenten er: kr 200 for familie og kr. 100 for enkeltmedlem.

God førjulstid!

Helsing oss i styret; Embrik, Tore, Gunn Birgit og Anne