Medlemsskap – betaling

TUPPESKOGEN VEL

TIL ALLE SOM ER MEDLEM, ELLER HAR LYST TIL Å BLI MEDLEM

Me vonar så mange som råd vil støtte opp om velet vårt. Det er uforpliktande å vere medlem, og ein vert ikkje valt til noko, utan å ha vorte spurd om det på førehand.

Medlemskontingent.

Støttemedlem: kr 100

Enkeltmedlem: kr 100

Familiemedlem: kr 200

Alle som er over 18 år må sjølv betale medlemskontingent. Dei under 18 år inngår i familiemedlemskap.

Innbetaling til kontonr. 2351 76 42983 Giroar blir distribuerte i postkasser på Tuppeskogen kvart år på vårparten. Ta kontakt med nokon i styret om du vil bli medlem og treng giro.

Hugs at det også går an å betale inn aktuelt beløp i nettbanken din sjølv om du ikkje har giro. Skriv namnet på deg sjølv (evt også dei som inngår i familien) i meldingsfeltet.

Det er krav om at dei som er med på faste aktivitetar som snikkering og linedans, minimum er støttemedlemmar. Alle som deltek aktivt i velet utover dette, blir oppfordra til å være ordinære medlemmar. Det er sjølvsagt ynskjeleg at alle som tilhøyrar grenda, blir medlemmar. Det er forskjell på rettighetane og “godene” for eit støttemedlem og eit ordinært medlem. Mellom anna får ordinære medlemmar rabatt på leige av grendehuset. Medlemmar over 18 år har stemmerett i årsmøtet.

 

Kurs som er i gang: Måndag: Linedans

Onsdag: Arbeid i snikkerbua/knivlaging

Torsdag: Springarkurs