Tuppeskogen.no er gjenopna!

Denne nettsida vart fyrste gong opna 7. mars 2011. Og sida fungerte greit til romjula 2013. Tru det eller ei, det var hacking av sida som førte til plunder. Det tok litt tid, men no er altså sida i gang att. Me fekk profesjonell bistand til å relansere sida – heilt frå blanke ark. Underteikna (Embrik Rudningen) har lagt inn nesten alle dei gamle innlegga og sidene på nytt. Men eg tok meg ikkje bryet med å få alle tabellar og bilete til å fungere, så dei gamle innlegga ser ikkje så fine ut. I fyrste omgang held me fram den låge intensiteten her som var før: Me legg berre ut den infoen som velet sine medlemmar uansett får i postkassene.