Det er 53 vaksne, 22 barn og 6 støttemedlemar på medlemslista.
Huset har vore leigd ut 13 gonger mot betaling. Det har og vorte nytta til 4H arrangement og nokre møter gratis. To lagerboder er ledige og utleigeleilegheiten er leigde ut.
Økonomien er god og vi sit med en del peng på bok.
Fotballbanen har vore i noko organisert bruk. Ivar Haugstad har inspisert stigene i området, og ryddet forefallende.
Det var dugnad i mai. Vasking og rydding av forefallende ute og inne. Bra oppmøte frå fleire generasjonar, vafflar og god stemning. Basaren i oktober var ein triveleg dag med godt oppmøte. Fine gevinstar og greitt overskudd. Trimbingo vart gjennomført 2 gonger. Her kan vi vere reklamere meir, slik at det kjem fleire deltakarar. Men gode tilbakemeldingar frå deltakarane gjer at med sett opp to nye runder dette året. Strikkekveld vart arrangert 3 kveldar i haust. Året vart av slutta med juleverkstad i desember. Her var det mange blide fjes og det vart laga fine produkt.