Årsmelding:
Det er 17 enkeltmedlemmer og 27 familier på medlemslista.
Huset har vore leigd ut 10 gonger mot betaling og nytta 3 møter. Alle lagerrom er leigd ut. Økonomien er god og vi sit med en del peng på bok.
Fotballbanen har vore i bruk. Ivar Haugstad har inspisert stigene i området, og rydda forefallende.
Det var dugnad i mai med vasking og rydding ute og inne. Det var bra oppmøte frå fleire generasjonar, vaflar og god stemning. Basaren i oktober var ein triveleg dag med godt oppmøte. Fine gevinstar og greitt overskudd. Trimbingo vart gjennomført 2 gonger. Her kan vi reklamere meir, slik at det kjem fleire deltakarar. Strikkekveld vart arrangert fleire kveldar i haust og det vart avslutta kranselaging. Året vart avslutta med juleverkstad i desember. Her var det mange blide fjes og det vart laga fine produkt.