Kategorier
Nyheter

Årsmøtereferat

Referat frå årsmøte i Tuppeskogen vel 04.03.2026 kl.20.00

Tilstades: Embrik, Detlef, Cathrine, Anne og Ingebjørg

SAKER: 

  1. Årsmelding: OK
  2. Rekneskap: Revidert uten anmerkinger.

Vipps gjer at det blir litt meir arbeid med å finne ut kva summane er.

Det er overskudd og penger på sparekontoen.

Godkjent av årsmøte

  1. Vedtekter : Ingen anmerkinger.
  2. Innspel til aktivitetsplan for 2026. Styret sitt forslag: 

Dugnad 7.mai kl. 17.30, (Sjekke opp mot evt. Konfirmasjoner.)

Trimbingo 31.mai og 20.september

Basar 11. oktober kl 13.

Strikkekveld tysdagar i oktober og november 18.30.

Juleverkstad 29. november kl 17. 

  1. Val.

Revisor: Kirsten Turhus

Ingebjørg Roset, Anne Åsarmoen, Cathrine Myhre held fram i styret.

Anne har framleis ansvaret for regnskap, men har styret sin godkjenning til å leige nokon inn til å sluttføre regnskapet.

Embrik arbeider for at ein til skal komme inn i styret, og den personen vil vere med i styret frå neste styremøte.

  1. Eventuelt:
    • Vipps – Ingebjørg undersøker muligheten for å spesifisere kva dei betaler for inne i vipps.
    • Årsmøtet undersøker moglegheitene for å sette bort organiseringa av utleie.
    • Embrik oppdaterer heimesida slik at det går ann å bruke den med mobil.
    • Styret undersøker behovet for å oppdatere nødvendig utstyr til vedlikehold.

Det vart servert kaffi og kake. 

Årsmelding: 

Det er 17 enkeltmedlemmer og 27 familier på medlemslista. 

Huset har vore leigd ut 10 gonger mot betaling og nytta 3 møter. Alle lagerrom er leigd ut. Økonomien er god og vi sit med en del peng på bok.

Fotballbanen har vore i bruk. Ivar Haugstad har inspisert stigene i området, og rydda forefallende.  

Det var dugnad i mai med vasking og rydding ute og inne. Det var bra oppmøte frå fleire generasjonar, vaflar og god stemning. Basaren i oktober var ein triveleg dag med godt oppmøte. Fine gevinstar og greitt overskudd. Trimbingo vart gjennomført 2 gonger. Her kan vi reklamere meir, slik at det kjem fleire deltakarar. Strikkekveld vart arrangert fleire kveldar i haust og det vart avslutta kranselaging. Året vart avslutta med juleverkstad i desember. Her var det mange blide fjes og det vart laga fine produkt.

Meny