Referat frå årsmøte i Tuppeskogen vel 04.03.2026 kl.20.00
Tilstades: Embrik, Detlef, Cathrine, Anne og Ingebjørg
SAKER:
- Årsmelding: OK
- Rekneskap: Revidert uten anmerkinger.
Vipps gjer at det blir litt meir arbeid med å finne ut kva summane er.
Det er overskudd og penger på sparekontoen.
Godkjent av årsmøte
- Vedtekter : Ingen anmerkinger.
- Innspel til aktivitetsplan for 2026. Styret sitt forslag:
Dugnad 7.mai kl. 17.30, (Sjekke opp mot evt. Konfirmasjoner.)
Trimbingo 31.mai og 20.september
Basar 11. oktober kl 13.
Strikkekveld tysdagar i oktober og november 18.30.
Juleverkstad 29. november kl 17.
- Val.
Revisor: Kirsten Turhus
Ingebjørg Roset, Anne Åsarmoen, Cathrine Myhre held fram i styret.
Anne har framleis ansvaret for regnskap, men har styret sin godkjenning til å leige nokon inn til å sluttføre regnskapet.
Embrik arbeider for at ein til skal komme inn i styret, og den personen vil vere med i styret frå neste styremøte.
- Eventuelt:
- Vipps – Ingebjørg undersøker muligheten for å spesifisere kva dei betaler for inne i vipps.
- Årsmøtet undersøker moglegheitene for å sette bort organiseringa av utleie.
- Embrik oppdaterer heimesida slik at det går ann å bruke den med mobil.
- Styret undersøker behovet for å oppdatere nødvendig utstyr til vedlikehold.
Det vart servert kaffi og kake.
Årsmelding:
Det er 17 enkeltmedlemmer og 27 familier på medlemslista.
Huset har vore leigd ut 10 gonger mot betaling og nytta 3 møter. Alle lagerrom er leigd ut. Økonomien er god og vi sit med en del peng på bok.
Fotballbanen har vore i bruk. Ivar Haugstad har inspisert stigene i området, og rydda forefallende.
Det var dugnad i mai med vasking og rydding ute og inne. Det var bra oppmøte frå fleire generasjonar, vaflar og god stemning. Basaren i oktober var ein triveleg dag med godt oppmøte. Fine gevinstar og greitt overskudd. Trimbingo vart gjennomført 2 gonger. Her kan vi reklamere meir, slik at det kjem fleire deltakarar. Strikkekveld vart arrangert fleire kveldar i haust og det vart avslutta kranselaging. Året vart avslutta med juleverkstad i desember. Her var det mange blide fjes og det vart laga fine produkt.