SAKER:
- Årsmelding (Utkast lengre ned)
- Rekneskap
- Vedtekter
- Innspel til aktivitetsplan for 2026. Styret sitt forslag:
Dugnad 7.mai kl. 17, (Sjekke opp mot evt. Konfirmasjonar.)
Trimbingo 31.mai og 20.september
Basar 11. oktober kl 13.
Strikkekveld 3. 10. 17. november kl. 18.30
Juleverkstad 29. november kl 17.
- Val. Val av nytt styremedlem. Tore Smestad stiller ikkje til attval.
- Eventuelt:
Som vedtektene seier kan årsmøtet behandle alle saker også utanom saklista,
dersom 3/4 av dei frammøtte krev det.
Det er fint om dei som kan tenke seg eit verv, vil vere med å organisere dei ulike arrangementa eller ynsjer å bidra på andre måter gjer beskjed til styret. Dei som ikkje lengre ønskjer å vere med i nemnder, må gje beskjed til nokon i styret.
Det blir servert kaffi og kake.
Håpar me sjåast!
Helsing styret i Tuppeskogen Vel
Anne Åsarmoen
Tore Smedstad
Cathrine Helene Myhre
Ingebjørg Roset
Styret sitt utkast til årsmelding:
Det er 17 enkeltmedlemmer og 27 familier på medlemslista.
Huset har vore leigd ut 9 gonger mot betaling. Det har og vorte nytta til 4H arrangement og nokre møter. Økonomien er god og vi sit med en del peng på bok.
Fotballbanen har vore i noko organisert bruk. Ivar Haugstad har inspisert stigene i området, og ryddet forefallende.
Det var dugnad i mai med vasking og rydding av forefallende ute og inne. Bra oppmøte frå fleire generasjonar, vaflar og god stemning. Basaren i oktober var ein triveleg dag med godt oppmøte. Fine gevinstar og greitt overskudd. Trimbingo vart gjennomført 2 gonger. Her kan vi vere reklamere meir, slik at det kjem fleire deltakarar.. Strikkekveld vart arrangert fleire kveldar i haust og det var kranselaging kveld. Året vart av slutta med juleverkstad i desember. Her var det mange blide fjes og det vart laga fine produkt.