Innkalling til årsmøte i Tuppeskogen vel 04.03.2026 kl.20.00

SAKER: 

  1. Årsmelding (Utkast lengre ned
  2. Rekneskap 
  3. Vedtekter  
  4. Innspel til aktivitetsplan for 2026. Styret sitt forslag: 

Dugnad 7.mai kl. 17, (Sjekke opp mot evt. Konfirmasjonar.)

Trimbingo 31.mai og 20.september

Basar 11. oktober kl 13.

Strikkekveld 3. 10. 17. november kl. 18.30

Juleverkstad 29. november kl 17. 

  1. Val. Val av nytt styremedlem. Tore Smestad stiller ikkje til attval.
  2. Eventuelt:

Som vedtektene seier kan årsmøtet behandle alle saker også utanom saklista, 

dersom 3/4 av dei frammøtte krev det. 

Det er fint om dei som kan tenke seg eit verv, vil vere med å organisere dei ulike arrangementa eller ynsjer å bidra på andre måter gjer beskjed til styret. Dei som ikkje lengre ønskjer å vere med i nemnder, må gje beskjed til nokon i styret.

Det blir servert kaffi og kake. 

Håpar me sjåast!

Helsing styret i Tuppeskogen Vel 

Anne Åsarmoen              

Tore Smedstad                

Cathrine Helene Myhre 

Ingebjørg Roset               

Styret sitt utkast til årsmelding: 

Det er 17 enkeltmedlemmer og 27 familier på medlemslista. 

Huset har vore leigd ut 9 gonger mot betaling. Det har og vorte nytta til 4H arrangement og nokre møter. Økonomien er god og vi sit med en del peng på bok.

Fotballbanen har vore i noko organisert bruk. Ivar Haugstad har inspisert stigene i området, og ryddet forefallende.  

Det var dugnad i mai med vasking og rydding av forefallende ute og inne. Bra oppmøte frå fleire generasjonar, vaflar og god stemning. Basaren i oktober var ein triveleg dag med godt oppmøte. Fine gevinstar og greitt overskudd. Trimbingo vart gjennomført 2 gonger. Her kan vi vere reklamere meir, slik at det kjem fleire deltakarar.. Strikkekveld vart arrangert fleire kveldar i haust og det var kranselaging kveld. Året vart av slutta med juleverkstad i desember. Her var det mange blide fjes og det vart laga fine produkt.