Vedtekter

Her er vedtekene som vart godkjente i Brønnøysund våren 2022:

(Dei vart også stadfesta av årsmøtet 22.2.2023)

Vedtekter for Tuppeskogen Vel revidert av styret 10.3.2022 etter mandat frå årsmøte 23.2.2022
§ 1 Foreininga sitt namn er Tuppeskogen Vel.
§ 2 Tuppeskogen Vel er eit upolitisk lag som vil fremje interessene til kretsen, og arbeide for nyttige
formål. Ellers vil foreininga arbeide for å samle midlar til ymse formål innan kretsen. Vidare å
arrangere sosiale samankomstar og halde drift i grendahuset.
§3 Organisasjonsform
Foreininga er ein frittståande juridisk person med medlemmar, og er sjølveigande. At den er
sjølveigande inneber at ingen, verken medlemmar eller andre, har krav på foreinga si formue eller
eigedelar, eller er ansvarlege for gjeld eller andre forpliktelsar.
§4 Medlemmar
Alle over 18 år kan vera medlemmer mot å betala årskontigent.
§5 Rettigheiter og plikter knytta til medlemskap
Alle medlemmar har rett til å delta på årsmøte, har stemmerett og er valbare til tillitsverv i
foreininga. Medlemmar som skuldar kontingent for meir enn eitt år, har ikkje stemmerett eller andre
rettigheiter, og styret kan stryke dei som medlem av foreneinga.
Medlemmane pliktar å forhalde seg til vedtak som er fatta av årsmøte.
§6 Årsmøte
Årsmøtet skal haldast kvart år og er foreininga si høgaste myndigheit. Årsmøtet er vedtaksført med
det talet stemmeberettiga som møter, og alle medlemmar har ei stemme. Møteleiar og referent blir
valt av årsmøtet.
Med mindre anna er bestemt, skal eit vedtak for å vera gyldig, bli truffe med alminneleg fleirtall av
stemmene. Stemmelikheit blir avgjort ved loddtrekning.
Årsmøtet blir kalt inn til av styret med minst to vekers varsel. Det kan vera direkte til medlemmane
i postkasse, ved elektronisk kunngjering som epost, sosiale mediar eller liknande, eller ved
kunngjering i pressa. Fullstendig saksliste må vera tilgjengeleg for medlemmane seinast ei veke før
årsmøtet.
Årsmøtet kan behandle forslag som ikkje er oppført på sakslisten dersom minst 3/4 av dei
frammøtte krev det. Dette gjeld også endring av vedtektene, utanom §3 og §12.
§7 Årsmøtet sine oppgåver
Årsmøtet skal

  • behandle årsmelding
  • behandle revidert rekneskap
  • behandle innkomne saker
  • fastsetje kontingent
  • kome med innspel til komande års aktivitetsplan
  • velje:
    o leiar
    o styremedlemmar
    o nemnder og samansetjinga av desse
    o revisor
    Det skal førast protokoll frå alle møter.
    §8 Ekstraordinære årsmøter
    Ekstraordinære årsmøter blir halde når styret bestemmer det, eller minst 1/3 av medlemmane krev
    det.§9 Styret
    Foreiningen har eit styre på tre til fem medlemmar. Styret er høgaste myndigheit mellom årsmøta.
    Styret skal halde møte når styreleiar eller eit fleirtall av styremedlemmane forlangar det.
    Styret skal
     iverksetje årsmøtebestemmelsar
     administrere og føre nødvendig kontroll med foreininga si økonomi
     representere foreininga utad
    Styret kan fatte vedtak når eit fleirtal av styret sine medlemmar er til stades. Vedtak blir fatta med
    fleirtal av dei avgitte stemmene.
    § 10 Signaturrett
    Styret sine medlemmar i fellesskap har signaturrett.
    § 11 Vedtektsendring
    Endringar av desse vedtektene kan bli gjort på ordinært eller ekstraordinært årsmøte, også utan å ha
    vore på saklista dersom minst 3/4 av dei frammøtte krev det. Endring av §3 og §12 må likevel ha
    vore på saklista for å kunne bli endra. Årsmøtet kan også gje styret mandat til å gjere endringar som
    er formelt nødvendige – gitt at dei er i tråd med etablert praksis i foreininga. Desse skal i så fall
    leggast fram i påfølgande årsmøte.
    § 12
    Oppløysing
    Oppløysing av foreininga kan berre skje på årsmøte, og krev 2/3 fleirtal.
    Eventuelle midlar skal då brukast til almennyttige formål i kretsen, og vedtak om dette krev minst
    2/3 fleirtal. Ingen medlemmar har krav på foreininga sine midlar eller andel av desse.