ÅRSMELDING 2013 FOR TUPPESKOGEN VEL
Styret:
Ivar R. Haugstad Kontaktperson
Embrik Rudningen Utleigeansvarleg
Anne Åsarmoen Kasserar
Trygve Lono Skrivar
Kristina Eidsberget Styremedlem
Erland Slaatto Varamedlem
Nemnder:
Basarnemnd Jorunn Knaldre
Gro Anita Ødelien
Kirsti Fløystad
Husnemnd Ragnar Haugstad
Anton Åsarmoen
Kjøkkennemnd Gudrun Tveito
Tilkalling til kjøkkennemnd Eli Eidsberget
Randi Flatland
Bodil Sortebråten
Jorunn Knaldre
Arnhild Dokken
Valnemnd Styret
Revisor Liv Irene Halden
Styremøter
Det er halde tre styremøter der det har vore behandla åtte saker. Det har vore nært samarbeid med Rotneim grendelag om ulike arrangement. Dette samarbeidet fungerer bra, og vil bli vidareført.
Medlemstal
Medlemstalet i 2013 har vore 111 personar.
Utleie
Huset har vore leigd ut ti gonger til ulike tilstellingar.
Austenden av huset blir stadig leigd ut til bustad. Alle åtte lagerlokala i andre etasje er òg leigde ut. Ein leigetakar sa opp avtalen i løpet av året, men ei annonse i Hallingdølen skaffa ny leigetakar.
I mars 2013 fekk me ein ny leigetakar. Bandet Brage leiger no eit av romma i kjellaren til øvingslokale.
Regnskap og økonomi
I 2013 gikk regnskapet om lag i balanse, og velet har ein del pengar på bok.
Bruk av fortballbanen
Kvar tysdag i mai, juni og september har det vore fotballtrening for ungar i nærområdet i regi av Skaga RTG.
AKTIVITETER 2013
Solfest 9. mars (med Rotneim)
På grendahuset vårt. 50 deltakarar. Det vart servert spekemat frå Solstad. Variert og bra dansemusikk av Tore Haukedalen. Eit trivelig lag som samla fleire generasjonar.
Dugnad 7. mai
Bra oppmøte. Det vart vaska og rydda inne, og ute vart det raka og pynta opp. Dugnaden vart avslutta med kaffipause.
St. Hans feiring 23. juni (med Rotneim)
Ved elva på Roen. Bra oppmøte. Eit hyggeleg samkome for små og store, med grilling, natursti, hesteskokasting og bål.
Fisketur 6. september (med Rotneim)
Fisking i Damtjern ved Fagerdalen på Skaraåsen. Det var med ni på turen, og det vart ein fangst på 13 abbor.
Hausttur 15. september (med Rotneim)
Turen gikk til Økslenuten i Ridalen på Torpo. Utsikten var ikkje så god på grunn av tåke, men stemninga var bra. Det var 23 som gikk turen.
Basar 13. oktober
Ein triveleg dag på grendahuset. Mange nytta høvet til å kjøpe seg småmat, kaffi og kaker. Ungane fekk delta på ulike aktivitetar. Dei vaksne fekk prata. Det var full sal og stor spenning under åresalget og trekkinga av gevinstar frå listene. Det vart fylt ut 68 lister. Medlemmene er flinke til å bidra med utfylling av lister og innlevering av gevinstar. Vellet hadde kjøpt inn gevinstar for om lag kr 2500. Det vart eit bra overskot.
Filmkveld 3. november
I grendasalen på Rotneim. 13 barn møtte. Vi såg «Operasjon Froskeegg». Det vart servert brus og popkorn.
Aktivitetskveld 21. november (med Rotneim)
Ein koselig og populær kveld på grendahuset vårt. Alle fekk servert graut. Det var hektisk aktivitet, og det vart laga båtar, fly, sverd, nøkkelringar, nøkkeloppheng, englar, filt hjerter og tennbrikettar. Om lag 25 – 30 barn, og nokre vaksne.
Julegrantenning 27. november (med Rotneim)
På Rotneim. Det var berre ni som møtte opp, pga. oppsettinga av «Knut og Fjompenissen» på Kulturskolen.
Filmkveld 2. februar 2014 (med Rotneim)
I grendasalen på Rotneim. 13 barn til stades. Vi såg «Istid 4». Det vart servert brus og popkorn.
Linedans
Ein gjeng damer møtest måndagar til sosialt samvær og trim.
Snikkarbua
Ein gjeng karar møtest onsdagar til sosialt samvær med lagging, knivlaging mm.
Takk til alle som har bidrege med tilrettelegging på dei ulike aktivitetane og for frammøte frå medlemmane.