Årsmelding 2023

Det er ca 65 vaksne og 20 barn på medlemslista.

Huset har vore leigd ut 10 gonger mot betaling. Det har og vorte nytta til 4H arrangement og nokre møter gratis. Alle lagerbodane og utleigeleilegheitene er leigde ut.

Økonomien er dårlegare med høge straumprisar.

Fotballbanen har ikkje vore i organisert bruk i 2023.

Ivar Haugstad har rydda cirka 9 km stigar i år.

Arrangement

  • Dugnad 4. mai. Ute og inne. Bra oppmøte frå fleire generasjonar og god stemning.
  • Basar sundag 16. oktober. Ein triveleg dag med godt oppmøte. Fine gevinstar og bra overskot, ca. 12000kr.
  • Aktivitetskveld/Juleverkstad 3. desember. Veldig god stemning. Mange blide fjes og fine produkt. Litt mindre oppmøte enn i fjor.