ÅRSMELDING 2014

ÅRSMELDING 2014 FOR TUPPESKOGEN VEL

Styret:

Ivar R. Haugstad Leiar og skrivar

Embrik Rudningen Styremedlem og utleigeansvarleg

Anne Åsarmoen Kasserar

Kristina Eidsberget Styremedlem

Erland Slaatto Styremedlem

Nemnder:

Basarnemnd Gro Anita Ødelien

Kirsti Fløystad

Husnemnd Trygve Lono

Anton Åsarmoen

Kjøkkennemnd Gudrun Tveito

Tilkalling til kjøkkennemnd Eli Eidsberget

Bodil Sortebråten

Jorunn Knaldre

Arnhild Dokken

Valnemnd Styret

Revisor Liv Irene Halden

Styremøter

Det er halde to styremøter. Det har vore nært samarbeid med Rotneim grendelag om ulike arrangement. Samarbeidet fungerer svært bra, og vil bli vidareført.

Medlemstal

Medlemstalet i 2014 har vore 101 personar (111 i 2013). Reduksjonen skuldast truleg at det ikkje vart sendt ut bankgiro.

Utleie

Huset har vore leigd ut 13 gonger til ulike tilstellingar.

Austenden av huset blir stadig leigd ut til bustad. Alle åtte lagerlokala i andre etasje er òg leigde ut.

Regnskap og økonomi

I 2014 gikk regnskapet om lag i balanse, og velet har ein del pengar på bok.

Bruk av fortballbanen

Kvar tysdag i mai, juni og september har det vore fotballtrening for ungar i nærområdet i regi av Skaga RTG.

Avtale med Gol kommune om vedlikehald av turstigar

I desember 2014 vart ny avtale inngått for ti nye år. Avtala går ut på at Tuppeskogen Vel har ansvar for 18,2 km med stigar på Skaraåsen, samt Tuppeskogen – Vermåker. Sommaren 2015 skal me sette opp nye skilt og merka opp att stigane. Det er stipulert om lag 100 dugnadstimar til dette arbeidet. Nye skilt blir betalt av Gjensidige-stiftelsen og Gol kommune. Tuppeskogen Vel får årlig inntil kr. 200 per km for utført dugnad. Det kan nok hende nokre medlemer etterkvart blir utfordra til å være med på dugnad. Det er berre å melde sin interesse til leiaren.

AKTIVITETER 2014

Solfest 15. februar (fellesarrangement med Rotneim)

På grendahuset vårt. Om lag 50 deltakarar. Det vart servert spekemat frå Solstad. Dansemusikk frå speledåse. Eit trivelig lag som samla fleire generasjonar.

Dugnad 29. april

Bra oppmøte. Det vart vaska og rydda inne, og ute vart det raka og pynta opp. Dugnaden vart avslutta med kaffi og vaflar.

St. Hans feiring 23. juni (fellesarrangement med Rotneim)

Ved elva på Roen. Veldig bra oppmøte. Eit hyggeleg samkome for små og store, med grilling, natursti, hesteskokasting og bål.

Fisketur 5. september (fellesarrangement med Rotneim)

Fisking i Hallingdalselva på Roen. 8 deltakarar. Det har aldri vore særlig oppslutning om fisketurane, og dette var sannsynligvis den siste som blir arrangert.

Hausttur 14. september (fellesarrangement med Rotneim)

Turen gikk til Veikulnatten. Det var noko surt vær på toppen, men det var ein triveleg tur. Det var om lag 25 som gikk turen.

Basar 12. oktober

Ein triveleg dag på grendahuset. Mange nytta høvet til å kjøpe seg småmat, kaffi og kaker. Ungane fekk delta på ulike aktivitetar. Dei vaksne fekk prata. Det var full sal og stor spenning under åresalget og trekkinga av gevinstar frå listene. Medlemmene er flinke til å bidra med utfylling av lister og innlevering av gevinstar. Det var truleg ny rekord i omsetninga.

Filmkveld 9. november (fellesarrangement med Rotneim)

I grendasalen på Rotneim. Om lag 10-15 barn til stades. Vi såg «Karsten og Petra på vinterferie». Det vart servert brus og popkorn.

Aktivitetskveld 21. november (fellesarrangement med Rotneim)

Ein koselig og populær kveld på grendahuset vårt. Alle fekk servert graut. Det var hektisk aktivitet, og det vart laga spekefjøler, gryteunderlag, sverd, bilar, englar, filt hjerter og tennbrikettar. Om lag 40 – 50 små og store deltakarar.

Julegrantenning 30. november (fellesarrangement med Rotneim)

På Rotneim. Det var berre 9 som møtte opp, pga. oppsettinga av «Knut og Fjompenissen» på Kulturskolen.

Juletrefest 28. desember (arrangert av Rotneim)

I Rotneim grendasal. Skodespel av born om juleevangeliet. Kaffi og kaker og åresalg med fine premiar. Gang rundt juletreet, og julenissen kom med gåver til borna.

Aking ned Skaraåsvegen 16. januar (fellesarrangement med Rotneim)

Det var 35 som deltok på akinga, og det vart tre turar.

Linedans

Ein gjeng damer møtest måndagar til sosialt samvær og trim.

Snikkarbua

Ein gjeng karar møtest onsdagar til sosialt samvær med lagging, knivlaging mm.

Takk til alle som har bidrege med tilrettelegging på dei ulike aktivitetane og for frammøte frå medlemmane. 

Styret.