årsmelding 2018

ÅRSMELDING 2018 FOR TUPPESKOGEN VEL

Styret:

Ivar R. Haugstad Leiar og skrivar

Embrik Rudningen Styremedlem og utleigeansvarleg

Anne Åsarmoen Kasserar

Elin Berget Styremedlem

Tore Smedstad Styremedlem

Nemnder:

Basarnemnd Gro Anita Ødelien

Jorun Knaldre

Husnemnd Detlef Kita

Embrik Rudningen

Tilkalling til kjøkkennemnd Synnøve Sortebråten

Arnhild Dokken

Valnemnd Styret

Revisor Liv Irene Halden

Årsmøte og styremøter

Årsmøtet var den 7. februar 2018 med sju møtande.

Det er halde to styremøter. Det er eit godt samarbeid med Rotneim grendelag om ulike arrangement.

Medlemstal

Medlemstalet i 2018 har vore 120 personar (120 i 2017).

Utleie

Huset har vore leigd ut 11 gonger til ulike tilstellingar. Austenden av huset blir stadig leigd ut til bustad. Alle åtte lagerlokala i andre etasje er òg leigde ut.

Tiltak på grendehuset

Det er installert ny varmtvasstank i leilegheita, samt reparert eit par vasskranar.

Regnskap og økonomi

I 2018 gikk regnskapet om lag kr 20 000 i underskot. Underskotet skuldast nemnde investeringar og høge straumrekningar. Velet har bra med pengar på konto.

Bruk av fortballbanen

Kvar tysdag i mai, juni og september har det vore fotballtrening for ungar i nærområdet i regi av Skaga RTG. Velet sørger for grasklipping på og rundt banen.

Turstigar

Tuppeskogen Vel har ansvar for vedlikehald av turstigar på Skaraåsen og på Tuppeskogen mot byggefelta i aust. Samla lengde på stigane er om lag 25 km. Det er i 2018 rydda 4 km med stigar, og det er lagt ut ein del klopper i blaute myrer.

AKTIVITETER 2018

Aking ned Skaraåsvegen 26. januar (fellesarrangement med Rotneim)

Om lag 10 born deltok.

Dugnad 8. mai (eiga arrangement)

Bra oppmøte. Det vart vaska og rydda inne, og ute vart det raka og pynta opp. Dugnaden vart avslutta med kaffi og vaflar.

Låvefest på Jegleim 9. juni (fellesarrangement med Rotneim)

Full låve og levende musikk av Tore Haukedal. Gryterett frå Spar. Skikkelig grendafest med god stemning og tærige folk.

St. Hans feiring 23. juni (fellesarrangement med Rotneim)

Ved elva på Roen. Bra oppmøte. Grilling, natursti, hesteskokasting og bål.

Hausttur 30. september (arrangert av Rotneim)

Ola Halvar Jorde var kjentmann i området Gravarstølan – Gaurhovd. Fem personar deltok.

Basar 21. oktober (eiga arrangement)

Mange nytta høvet til å kjøpe seg småmat, kaffi og kaker. Det var full sal og stor spenning under åresalet og trekkinga av gevinstar frå listene. Medlemmene er flinke til å bidra med utfylling av lister og innlevering av gevinstar. Bra overskot.

Aktivitetskveld 23. november på Tuppeskogen (fellesarrangement med Rotneim)

Servering av graut. Det vart snekra, måla, klypt og limt forskjellig ting. Dårlegare oppmøte enn tidlegare. Om lag 10 born deltok.

Julegrantenning 3. desember på Rotneim (arrangert av Rotneim)

I år var det 14 som møtte opp. Gang rundt juletreet og hyggelig samvær i grendasalen etterpå, med kaker og kaffi/brus

Juletrefest 28. desember (arrangert av Rotneim)

I Rotneim grendesal. Kaffi og kaker og åresal med gevinstar. Allsong, gang rundt juletreet, og julenissen kom med gåver til borna. Det var om lag 45 personar på juletrefesten.

Springarkurs

Tomas Stensgård har halde springarkurs.

Linedans

Ein gjeng damer møtest måndagar til sosialt samvær og trim.

Snikkarbua

Ein gjeng karar møtest onsdagar til sosialt samvær med lagging, knivlaging mm.

Takk til alle som har bidrege med tilrettelegging på dei ulike aktivitetane og for frammøte. 

Styret.