Årsmelding 2012

ÅRSMELDING FOR TUPPESKOGEN VEL 2012

Medlemstalet i året 2012 er 81 personar. I tillegg er det ein del ungar som er medlemmar i laget utan å betale medlemskontigent.

Styret har vore samansett slik:

Nina Stensgård leder/kontaktperson

Embrik Rudningen Styremedlem/utleigeansvarleg

Anne Åsarmoen Styremedlem/kasserar

Trygve Lono Styremedlem/skrivar

Ivar Haugstad Styremedlem

Erland Slaatto Varamedlem

 

Dei ulike nemdene har vore samansett slik:

Uteaktivitetar Ivar Haugstad

Roger Sandvik

Inneaktivitetar Jorunn Knaldre

Arnhild Dokken

Husansvarleg Ragnar Haugstad

Reidar Knaldre

Kjøkkennemd Grete L Rudningen

Tilkalling til kjøkkennemd Eli Eidsberget

Randi Flatland

Valnemd Randi Søgnen

Revisor Liv Irene Halden

 

Det er halde 3 styremøter der det har vore behandla 12 saker. På fyrste styremøte 09.02.12 var det konstituering av styret. I tillegg vart aktivitetar for året diskutert og samarbeidet om felles aktivitetsplan med Rotneim vart etablert.

 

AKTIVITETSPLAN 2012

Skirenn 13 . mars:

Skirennet vart arrangert i samarbeid med Rotneim Grendalag på stølen til Embrik Rudningen på Narveset. Det var køyrt opp løype på jordet og arrangert null løp og grilling av medbrakt  grillmat. Det var greit vær, med litt vind – så det var godt å ete maten i stølsbue for dei som ynskte det. Etter mat vart det servert kake og kaffi. Skirennet i år fekk ingen vinnar i og med datasystemet til Roger svikta oss. Det var ca 25 deltakerar, med smått og stort! En hyggelig dag i godt lag!

Vårfest 28. april:

Vart avlyst!  Ingen musiker å få tak i – forslag å arrangere Solfest i mars 2013.

Dugnad 3 mai:

Dugnaden vart avvikla som vanleg fyrste veka i mai. Færre enn før hadde møtt opp for å gjere ein innsats for velet. Det vart vaska og rydda inne, og ute vart det raka og pynta opp. Dugnaden vart avslutta med kaffipause.

Fisketur for barn med følgje 6 september:

I dagane før arrangementet hadde det regna kraftig. Det regna denne dagen og, noko som truleg var årsaken til at det kun var 3 deltakerar – ein vaksen (styremedlem) og 2 barn ( 1 barn av styremedlem). Dei gjennomførte turen til Damtjern og kosa seg med fiske og bål.

Basar 21. oktober:

Årleg arrangement der ca 60 personar hadde møtt opp for å delta på det sosiale arrangementet. Samanlikna med året før var det noko mindre oppmøte, i 2011 kom det 90 personar. Det hadde kome inn mange gåver til gevinstbordet. I tillegg til gevinstane grendalaget hadde kjøpt inn, vart det totalt 65 gevinstar som skulle trekkjast ut til heldige vinnarar. Heile 72 lister var fylt ut. Det vart ein triveleg dag på grendahuset. Mange nytta høvet til å kjøpe seg småmat, kaffi og kaker. Ungane fekk prøve slakk line, ping pong, erteposekast og lignende. Det vart også tradisjonelt åresalg i to omgangar. Overskuddet på basaren er 12000,- noko me er godt fornøgd med.

Filmkveld 28. oktober:

Filmkveldane blir arrangert i grendasalen på Rotneim. Det viser seg at dette er eit veldig populært arrangement blant ungane. Denne gongen møtte 20 barn – me såg barnefilmen «Grusomme meg»! Det vart servert brus og popcorn til alle.

Aktivitetskveld 30. november:

Dette var eit arrangement i lag med Rotneim Grendalag. Aktivitetane foregikk på Tuppeskogen med heile 30 barn og 13 vaksne. Minste deltaker var 4 år og den eldste var 15 år.  Dagen var sammenfallende med generalprøve for ei oppsetning på kulturskula, så nokon meldte avbud. Det var synd – men likevel bra oppmøte!  Det var fortløpande servering av graut med mandel når ungane kom, deretter kunne dei fordele seg på aktivitetar som snikkering, juleverkstad med ulike formingsaktiviteter og baking av pepperkaker.  Det var blide fjes i alle rom – eit vellykka arrangement som absolutt fortjener vidareføring!

Filmkveld 20.januar 2013

Denne gangen såg me «Modig». Servering av brus og popcorn til 18 barn og 4 vaksne.

 

Kort om samarbeidet med Rotneim Grendalag:

Samarbeidet med Rotneim var eit prøveprosjekt for året 2012. Årsaken var dårleg oppslutnad rundt mange av arrangementa våre, samt at mange av medlemmane våre står med ein fot i kvar si grend. Samarbeidet har dreid seg om 4 arrangement der begge ”lag” har vore arrangørar; Skirenn, vårfest, filmkveld og aktivitetskveld. På skirennet var det greit oppmøte med 25 stk. Til vårfesten fekk me ikkje tak i levande musikk og valde å avlyse. Filmkveldane har vore bra besøkt med ca 20 barn kvar gong. Aktivitetskvelden er nok det arrangementet som har hatt størst suksess med totalt 43 oppmøtte. Evalueringane gjort på styremøtet 21.01.13 syner at det er ynskje om å halde fram med samarbeidet kring dei same arrangementa. Bortsett frå at me tek ein pause frå skirenn i 2013. Styret foreslår følgande arrangement i 2013: Fest i lag med Rotneim, dugnad, basar, aktivitetskveld og filmkveld.

 

Takk til alle som har bidratt med tilrettelegging på dei ulike aktivitetane og for frammøte på de ulike arrangementa.

Styret i Tuppeskogen Vel