Solfest

Solfest

Lurdag 9. mars 2013

Kl 19.30

Tuppeskogen grendahus

Det blir servert spikjimat og ei flaske med drikke te maten.

Pris 300,- pr pers.

Ta med godt humør og det du vil ha å drikke te resten tå kvelden.

Utpå kvelden blir det dans etter levande musikk.

Tore Haukedal frå Tinn i Telemark kjem for å spela for uss!

Pga mat og musikk må me veta om du/dikkan kjem.

Påmeldingsfrist: fredag 1. mars

Hilde Slaatto: 91354014

Nina Stensgård: 97062219

 

Med vennleg helsing

Festkomiteèn/styret i Rotneim og Tuppeskogen grendalag

Årsmøte 2013

ÅRSMØTE – ONSDAG 06.02.2013 KL 19.00 TUPPESKOGEN GRENDAHUS

SAKER:

Årsmelding

Reknskap

Saker frå styret

Drøfte aktivitetsnivået i velet – kva vil me med velet vårt i framtida – kva type aktivitetar er verdt å satse på? Og kor motivert er medlemmane til å bidra?

Dei ulike nemdene våre.

Innkomne saker (styret må veta desse innan 1 februar).

Eventuelt

Valg – ved valgkomiten

Tuppeskogen Klapp

I statuttene for Tuppeskogen Klapp heiter det:

Tuppeskogen Klapp skal vere ei oppmuntring til ungdom under 25 år som har utmerka seg innan idrett, kultur eller i humanitært arbeid. Det kan også vere aktuelt å tildele Tuppeskogen Klapp til personar over 25 år, dersom det er særlege grunnar for det.

Kr 15oo,- kan kvart år bli brukt til slikt føremål.

Kandidatane skal kome frå Tuppeskogen Vel sine medlemmar.

Alle medlemmane frå Tuppeskogen Vel kan kome med forslag på kandidatar.

Styret i grendalaget avgjer kven som kvart år får utmerkinga. Offentleggjeringa skjer i samband med Årsmøtet. Dersom styret ikkje finn kandidatane kvalifisert, blir pengane heller ikkje utbetalt.

Forslag til aktivitetar, Tuppeskogen Klapp eller anna som skal opp på Årsmøtet må meldast til kontaktperson Nina Stensgård innan 1 februar!

Dei som er på val og som ikkje ynskjer attval må gje beskjed til valnemda ved Randi Søgnen 970 62 259 innan 1 februar.

 Det vert servert kaffi og bløtkake 

Styret i Tuppeskogen Vel v/ Nina Stensgård 23.01.13