Referat årsmøte 22.22023

1: Val av møteleiar og referent: Embrik Rudningen

2: Innkalling og sakliste: Godkjent

3: Vedtektene lest opp av Embrik: Samrøystes vedteke utan endringar.

4: Årsmelding: Styret sitt forslag vart samrøystes vedteke.

5: Innspel til aktivitetsplan: Styret sitt forslag vart samrøystes vedteke. Årsmøtet oppmodar styret til kontakte Rotneim grendalag om evt felles plan eller enkeltarrangement.

6: Rekneskap ved Anne, delt ut og gjennomgått, revidert av Marit Øynebråten. Samrøystes godkjent.

7: Val:

Basarnemnd: Jorunn og Gro Anita attvald til basarnemnd. Treng ein ny person for opplæring. Styret må oppfordre folk til å melde seg og evt rekruttere nokon i god tid før basaren.

Valnemnd: Embrik, samrøystes

Husnemnd: Detlef, samrøystes attvald

Revisor: Marit, samrøystes attvald

Styret: Samrøystes attval på Cathrine, Anne og Tore. Embrik går ut av styret, Ingebjørg Roset samrøysets vald inn i styret. Ho tek på seg å vera oppførd som leiar i Brønnøysundregisteret, men styret held fram praksis med delt leiarskap.

8: Kontigentar: 100 for enkeltmedlem, 300 for familie.

9: Eventuelt:

Årsmøtet i Tuppeskogen vel ser med bekymring på situasjonen for mjuke trafikantar langs Tuppeskogvegen. Vegen er smal, har ikkje gatelys langs heile og det blir køyrd fort. Forslag om å setje ned farten frå høvesvis 50 og 60 til 40 og 50 og ha fartsdemparar der det no er 50. Som ein start skal styret yundersøkje med dei som allereie har gjort noko i denne saken.

ÅRSMØTE Tuppeskogen vel – ONSDAG 22.2.2022 KL. 19.30

SAKER:

  1. Årsmelding (Utkast lengre ned)
  2. Rekneskap
  3. Vedtektene blir lagt fram – etter styrets revidering. (Dei finst på tuppeskogen.no)
  4. Innspel til aktivitetsplan for 2023. Styret sitt forslag:
    Dugnad torsdag 4. mai kl. 17, basar 15. oktober kl 13, Aktivitetskveld 3. desember kl 17.
  5. Val. Styret foreslår at Cathrine tek over kasserarjobben frå Anne.
  6. Eventuelt: Som vedtekene seier kan årsmøtet behandle alle saker også utanom saklista,
    dersom 3/4 av dei frammøtte krev det.
    Det blir servert kaffi og kake.
    Dei som ikkje lengre ønskjer å vere med i nemnder, må gje beskjed til nokon i styret innan 16.2.
    Det er også mogleg å melde i frå om du kan tenke deg eit verv, eller på anna måte ønskjer å hjelpe
    til.
    Helsing styret i Tuppeskogen Vel
    Anne Åsarmoen
    Tlf. 99361829
    Tore Smedstad
    Tlf. 91121846
    Embrik Rudningen
    Tlf. 97575925
    Cathrine Helene Myhre
    Tlf. 46195553

    Styret sitt utkast til årsmelding:
    76 vaksne og 33 barn står på medlemslista.
    Huset har vore leigd ut 14 gonger mot betaling og alle lagerbodane er leigde ut.
    Økonomien er dårlegare med høge straumprisar.
    Fotballbanen har ikkje vore i organisert bruk i 2022.
    Arrangement
  • Dugnad 5. mai. Ute og inne. Bra oppmøte frå fleire genrasjonar og god stemning.
  • Basar sundag 16. oktober. Ein triveleg dag med godt oppmøte, men litt færre enn før koronaen.
    Mange gevinstar og bra overskot.
    -Aktivitetskveld/Juleverkstad 4. desember. Veldig god stemning. Mange blide fjes og fine produkt.
    23 barn og 21 vaksne deltok.
    Årlig rapport om vedlikehold av stiger frå Ivar Haugstad
  • Alle stiger er inspisert.
  • Jeg har ryddet ca. 1 km med ryddesag. Ellers har jeg hatt med ryddesaks på noen turer.