Årsmøte

ÅRSMØTE – ONSDAG 01.02.2012 KL 19.00 PÅ GRENDAHUSET

 

Saker:

1. Årsmelding

2. Reknskap

3. Saker frå styret

a ) Samarbeid med Rotneim Grendalag

Bakgrunnen er at me dei seinare åra har opplevd liten interesse for arrangement som velet foretek seg. I tillegg er det dei same som møter kvar gong og som oftast er dei representert i begge grender. Det er også usikkert kva som skjer med grendahuset vårt i forhold til om me får behalde det eller ikkje. Me ynskjer at medlemmane kjem med synspunkt om saken på Årsmøtet. Det blir ein gjennomgang av forslag til årsplan, med grunnlag i eit samarbeid om arrangement med Rotneim.

b) Endring av medlemskontigent

c) Orientering om grendahuset og bygningsteknisk tilstand ved Ragnar Haugstad

4. Innkomne saker (styret må veta desse innan 20 januar)

5. Eventuelt

6. Val – valkomiteen har foretatt ei innstilling

7. Tuppeskogen Klapp

I statuttane for Tuppeskogen Klapp heiter det: Tuppeskogen Klapp skal vere ei oppmuntring til ungdom under 25 år som har utmerka seg innan idrett, kultur eller i humanitært arbeid. Det kan også vere aktuelt å tildele Tuppeskogen Klapp til personar over 25 år, dersom det er særlege grunnar for det.

– Kr 1500,- kan kvart år bli brukt til slikt føremål.

– Kandidatane skal kome frå Tuppeskogen Vel sine medlemmer

– Alle medlemmane frå Tuppeskogen Vel kan kome med forslag på kandidatar.

– Styret i grendalaget avgjer kven som kvart år får utmerkinga. Offentleggjeringa skjer i samband med Årsmøtet. Dersom styret ikkje finn kandidatane kvalifisert, blir pengane heller ikkje utbetalt.

 

Forslag til aktivitetar, Tuppeskogen Klapp eller anna som skal opp på Årsmøtet må meldast til Nina Stensgård innan 20 januar!

Dei som er på val og som ikkje ynskjer attval må gje beskjed til valnemda ved Randi Søgnen 97062259 eller Anne Åsarmoen 99361829 innan 20 januar.

Det vert servert Kaffi og Blautkake

 

Mvh Nina Stensgård for Styret 12.01.12