ÅRSPLAN FOR 2011

MARS

Sundag 27.

Skirenn på Narveset. Det vil bli arrangert eit tradisjonelt 0-renn med spenning om kven som vil få neste napp i pokalen. Elles aking og pølsekos i eit forhåpentlegvis strålande ver.

MAI

Måndag 2.

Dugnad. Som vanleg vert det dugnad i mai. Me satser på ei skikkeleg vårreingjering både ute og inne, og unner oss til slutt ein kaffitår m/nogo attåt.

SEPTEMBER

Sundag 4.

Hausttur til Habbeset. Planen er å gå frå Habbeset til Veslestølen og Nystølen og deretter tilbake til utgangspunktet. Ragnar Haugstad vil stille som kjentmann, og me vonar at haustfargene verkeleg vil vise seg frå si finaste side denne dagen.

SEPTEMBER

Laurdag 24.

30 års jubileumsfest. Tuppeskogen Vel er 30 år i år, og dette er noko som må feirast! Me vonar mange vil vera med på å gjera denne kvelden til noko ein seint vil gløyma.

OKTOBER

Sundag 16.

Basar. Basaren er alltid ein stor suksess i velet. Med mange premiar, bra stemning og spennande trekninger er dette eit arrangement de ikkje må gå glipp av.

NOVEMBER

Sundag 27.

Juleverkstad med nissebesøk. Me satsar på ein koseleg familiedag, totalt fritt for julestress og mas. Det vert rikeleg med julehygge, servering av nissegraut og gang rundt juletreet.

FEBRUAR

Onsdag 1.

Årsmøte: Forumet der dei viktigaste avgjerdene i velet vert teke. Møt fram, vis engasjement og ver med på å gjera Tuppeskogen Vel til eit endå betre vel! Dessutan vert det triveleg samvær med kaffi og kake.