Førebels referat årsmøte 2021 (ventar styrebehandling)


Referat årsmøte Tuppeskogen Vel 10.2.2021

På teams.

Seks frammøtte.

SAKER:

  1. Årsmelding
  2. Rekneskap
  3. Innspel til aktivitetsplan for 2021
  4. Eventuelle innkomne saker
  5. Val

1. Årsmelding

Styret sitt forslag som òg var lagt med innkallinga vart einstemmig godkjent

2. Rekneskap.

Kasserar Anne Åsarmoen gjekk gjennom rekneskapen, som var revidert utan merknader. Overskot 6708 kroner.

3. Innspel til aktivitetsplan 2021

Årsmøtet var samstemte i at det ikkje er freistande å lage planer no som alt er så uvisst. Det vart samrøystes vedteke å arrangere dugnad torsdag 29. april 17.00, og ha styremøte/medlemsmøte då for å forhåpentlegvis lage aktivitetsplan der. Styret skal halde kontakt i forkant av dugnad og invitere medlemmane i tråd med gjeldande smittevernreglar då.

Innspel frå årsmøtet: Vil gjerne ha aktivitetskveld/juleverkstad i november. Og vil gjerne ha basar i oktober. Dersom det ikkje blir mogleg med basar, gjerne eit utandørs treff.

4. Eventuelle innkomne saker

Ingen saker var meldt inn til styret i forkant. Detlef Kita fekk ordet på vegner av husnemnda og orienterte om at alt er i god orden. Årsmøtet takka Detlef kita for god innsats i 2020. Årsmøtet vedtok at me vurderer å opprette dialog med Rotneim grendalag i samband med aktivitetsplan på dugnaden i april.

5. Val

Samtlege styremedlemmar og medlemmar i nemnder og anna frå 2020 vart samrøyste attvalde.

Styret:

Tore Smedstad Styremedlem

Anne Åsarmoen Kasserar

Embrik Rudningen Styremedlem og utleigeansvarleg

Gunn B. Magnussen Styremedlem

Nemnder:

Basarnemnd: Gro Anita Ødelien og Jorun Knaldre

Husnemnd: Detlef Kita og Embrik Rudningen

Tilkalling til kjøkkennemnd: Synnøve Sortebråten og Arnhild Dokken

Valnemnd: Styret

Revisor: Marit Øynebråten