Ingen vinnar

Sundag 11. mars hadde Tuppeskogen Vel og Rotneim grendalag felles skirenn på Narveset.

Tradisjonen tru vart rennet avvikla som null-løp. Rundt 20 deltakarar var med i år, 2012.

Datamaskina som skulle rekne ut differansane mellom rundetidene gjekk tom for straum halvvegs. Men det var ingen fare – penn og papir vart teke fram og tok over. Planen var at vinnaren skulle kunngjerast på denne sida når datamaskina var i drift att og hadde resultlista klar.

Dessverre viser det seg at dei fyrste rundetidene ikkje vart lagra på denne maskina gjennom straumbrotet. Og på papirblokka står berre rundetid nummer to.

Det ser altså ut som det ikkje blir nokon vinnar av skirennet i år. Tidtakarsjefen lovar til gjengjeld eit bombesikkert opplegg neste år.